Eg fekk bes@k av s@skenbarnet mitt, Steffen, og dama hans, Ida, i slutten av Juni, Dei var her i ei og ei halv veke. Me tre reiste litt rundt omkring i Osaka. Me bes@kte Namba, Universal Studios Japan, Umeda, Kyoto m.m. Eg hadde desverre skule den veka, saa kvardagen gjekk i aa staa opp, gaa paa skulen, vaer med Steffen og Ida i eit par timar, og reise til vertsbroren min der eg budde i denne perioden,
Andre ting me fekk oppleve var aa fange ildfluer, brette origami, lage kaleografi m.m. Ogsaa var det sj@lvsagt mykje shopping og japansk mat! Eg fekk pr@vd ut jobben som oversetter, og det gjekk jo paa eit vis :)
Det neste som skal skje no er at eg skal paa Yukata fest neste S@ndag . Yukataen er ein sommerversjon av den klassiske kimonoen. Ei veke etter det igjen skal eg til Hiroshima. Begge deler er med AFS. I veka som kjem no er det eksamensveke paa skulen igjen. Saa er det berre ei og ei halv veke til f@r sommerferien her byrjar. Sommerferien varar berre i ein mnd, ogsaa er det ikkje ferie igjen f@r jul. I sommerferien skal eg til ein Camp i Nara prefecture (Det er ogsaa med AFS), ogsaa skal eg kanskje til nokon eg kjennar i Tokyo og vere med dei til Disneyland Japan :)
Der var eksamensveka og sportsdagen ferdig. Eg hadde berre ein engelsk eksamen og ein japansk eksamen. Begge enda med eit resultat godt over 70 %. (Dei set karakterane i prosent her). Det tyder at eg faar tid til aa blogge i matfriminutta framover no!
Sportsdagen var varm med ein skyfri himmel. Eg har faatt eit skille paa armane berre etter den eine dagen i sola. Paa sportsdagen sprang eg 100-meteren, dansa, hoppa tau i grupper og tok bilete. 100-meteren er sj@lvsagt ikkje noko annleis enn 100-meteren i Noreg, og aa ta bilete er heller ikkje noko annleis ;P Men aa hoppe tau me ei gruppe paa 40 personar paa ein gong var nytt. Alle 40 hoppa i det same tauet paa ein gong. Me klarte 11 hopp paa det beste.
Dansen var nok det kjekkaste eg gjorde denne dagen. Alle hadde paa seg heimelaga kostymer (jentene hadde gule skj@rt og kvite skjorter, mens gutane hadde brune knebukser og gule vestar) og ingen hadde sko. Sanden me dansa paa var brennande heit! Kona til den eldste vertsbroren min filma dansen, saa den skal eg pr@ve aa faa lagt ut paa Facebook.
Der var tida ute... SNX ;)
Eg har no ca 10 min paa meg, saa dette blir kort!
Eg har faatt noko nytt i timeplanen min paa Torsdagar! Etter skulen gaar eg til ei eldre dame som bur i naerleiken. Ho er lerar i Kaleografi (kunsten aa skrive fint paa kinesisk) og der har eg faatt meg eit par nye venar.
I japanskundervisninga mi paa fredagar laerer eg om origami! Da er altsaa ingen gramatikk eller pr@var osv. Berre avslappande papirbretting mens eg snakkar litt med laeraren min paa japansk :)
Det er eksamensveke her om to veker. Alle elevane skal ha eksamen i samtlege fag, men eg skal berre ha eksamen i engelsk, engelsk, engelsk og nybegynner japansk (Ja, det er faktisk 3 engelskfag eg tar her). Eg kjem nok til aa faa bes@ke dei andre klassane (= fyrsteklassingane og tredjeklassingane) mens dei andre har eksamen.
Til slutt har eg rotet meg inn i eit danseprogram til sportsfestivalen som er i Juni ein gong (trur eg). Det var nokon som klarte aa overtale meg til aa pr@ve aa danse, saa eg var med ein gong. Seinare kjem nokon jenter bort og sp@r meg kvifor eg ikkje er med og dansar enda. Eg svarar at eg skulle berre pr@ve det ut ein gong. Saa faar eg vite at jentene i tredjeklassen som arrangerar dansen har gitt meg ein viktig plass i formeringa til dansen. Eg kan med andre ord IKKJE trekkje meg. Og eg kan ikkje danse!!! REDD MEG!!! X)
Danse@vingane er alltid i matpausen. Det gjer at eg ikkje kan oppdatere bloggen saa ofte eg tenkte at eg skulle ettersom det berre er i matpausen eg har tilgang til nettet.
Klokken 6.00: Staa opp, gaa i dusjen, et frukost.
Klokken 7.15: Gaa til naboen for aa bli kj@rt til togstasjonen.
Klokken 7.23: Toget gaar.
Klokken 8.00: Eg er framme i Ishibashi, og maa gaa til skulen.
Klokken 8.30: Skulen begynner.
Klokken 15.00 (16.00 paa onsdagar og fredagar): Skulen er ferdig, saa eg gaar "heim" eller teltar i ein klubbaktivitet. Eg er no berre med i fotoklubben.
Klokken 17.45 ~ 20.00: Eg kjem heim, et middag, ser paa TV og/eller gjer lekser.
Klokken 22.00: Eg gjer meg klar til aa busselalle ;)
I helgene er det alltid variasjon i det eg gjer. Eg faar no lov til aa delta i karateklubben paa ein skule nermare her eg bur paa l@rdagar saa daa e eg der fraa 8.30 til litt ut over dagen. Eg har berre ein ting te aa sei no:
KA SKJER ME INGEN KOMMENTARA FOLKS!!! SLAKKISA!! XP Eg maa jo veta ka daake vil h@rra maer om ;)
Fraa 1. til 5. Mai har Japan noko dei kallar for Den Gylne Veka. Den gylne veka er fleire heligdagar som kjem etter kvarandre. Dei fleste har fri fraa jobb og/eller skule i denne perioden. No skal eg fortelle om kva eg har brukt denne tida mi paa:
1. Mai:
Eg, vertsmora mi, nabojenta (Ruka paa 25 aar) og to av vennene til vertsmora mi gjekk paa fjelltur. Me hadde med oss niste og kameraer. Vennene til vertsmora mi er eit eldre par. Mannen har eg helst paa f@r og han er skogsvakten (forest ranger) paa fjellet me bes@kte Fjellet heiter Myuogenyama.
2. Mai:
Vertsmora mi hadde planlagt ein grillefest i hagen med familien sin for lenge sidan. Den holdt ho i dag. Mannen hennar og den yngste s@nnen henar kom fraa Tokyo for aa vaere med. I tillegg var den eldste s@nnen og familen hans her. Me grilla biff, gr@nsaker blekksprut og onigiri (risboller).
3. Mai:
Eg, vertsmora mi, vertsfaren min og den eldste vertsbroren min m/fam. (kone og to unger) gjekk paa ein "japanese style chinese restaurant". Det vil seie ein restaurant der dei serverar kinamat, men der ein sitt paa smaa matter framfor eit laagt bord og et. Uten sko. Eg vil anbefale aa smake paa mangopuddingen!
4. Mai:
Kyoto staar for tur. Ein gutt fraa tredjeklassen paa skulen min bad meg med til Kyoto for aa bes@ke templer. Me brukte heile dagen paa aa gaa rondt i varme Kyoto. Ettersom det var Den Gylne Veka var det nok med folk der.
5. Mai:
Rumi (den fyrste japanske venninna mi) tok meg med til Kobe som ligg i Hyogo. Kobe er ei menneskelagd @y som viser internasjonaliseringa Japan ein gong hadde. Det er nesten ingen klassiske japanske bygningar der, og dei sell ting fraa alle verdens hj@rner Eg og Rumi fekk til og med ete dansk ostekake!
Ok, fyrst og fremst har eg litt problemar med internettet og pc-en min, saa det kjem desverre ikkje nokon bilete med det fyrste... Eg skal likevel prove aa halda dykk oppdaterte! 2 store ting har skjedd sidan sist gong. 1. Eg har vore paa ein rundtur i Osaka med AFS, og 2. Eg har besokt skulen min Ikeda.
Osaka turen var morosam. Alle AFS-erar i Osaka omraadet (Alle som er utvekslingsstudentar i aar, dei som var paa utveksling fraa Japan i fjor, og dei som skal til neste aar... samt nokon som jobbar frivillig i AFS) var med paa turen. Det fyrste me gjorde var aa besoke eit japansk tempel. Me fekk lere korleis me ber til Buddha, og korleis ein paa rett maate skal gi offringar (= pengar til monkane). Deretter gjekk me til ein plass kalla Namba. Namba er eit stort omraade i Osaka med mange butikkar og sentrer. Namba ligg omtrent i sentrum av Osaka, saa det var nesten umogleg aa sjaa fjella som omringer Osaka pga dei hoge bygningane og den enorme storrelsen paa byen. Me gjekk til ein Okonomiyaki restaurant i Namba der me faktisk maatte lage maten vaar sjolv. Ikkje det beste eg har smakt, men eit heilt greitt maltid. Etter aa ha gaatt rundt i Namba ei stund reiste me vidare til Osaka slottet (me reiste med tog og undergrunsbanar). Me gjekk gjennom hagen som omringar slottet, og me var veldig heldige! Dei japanske kirsebaer traerne hadde nett begynt aa blomstre, og det var sol nesten heile tida. Me fekk gaa inn i slottet ogsaa, men det var ikkje like imponerande som utsida ettersom det er oppussa inne. For me reiste kvar til vaart igjen hadde me ein piknik under nokon store japanske kirsebaer traer. Daa fekk me smake paa kver vaar Dango, som er farga og klissete riskuler.
Skulen eg skal gaa paa er stor, og det er nesten 1000 elevar der. Skulen plar aa ha utvekslingselevar, men i aar er det berre eg som er utenlandsk der. Det er tradisjon at utvekslingselevane lagar ein introduserande tale om seg sjolv som dei held for resten av skulen under opningssermonien. Onsk meg lykke til!!! Ellers har eg faatt mott hovudlaeraren min, og rektor paa skulen. Paa japanske skular har dei som regel skuleuniform, fritidsaktivitetane er paa skulen, og dei brukar tofflar inne. Skulen min er ikkje noko unntak. Uniformen min bestaar av eit skjort som gaar ned til knaerne, ein bluse, ein brun genser og ein jakke. Jakken og skjortet er marineblaatt. Gymklaerne mine er spygronne, mens dei andre paa skulen har blaa... kjempekjekt... Naar det gjeld fritidsaktivitetar saa veit eg fortsatt ikkje kva klubbar eg skal delta i. Eg vil sjaa kva dei forskjellige klubbane gjer for eg bestemmer meg. Eg faar sjaa dei forskjellige klubbane den 9. April.
Da e berre aa fyra laus med sporsmaal, og eg beklager om eg skriv mykje feil (har ikkje all verdas tid paa nettet)!!
Eg kan beskrive den siste veka her med EITT ord - OVERVELMANDE!!
Eg har provd ut ein japansk "public bath" paa leiren i Osaka (me budde paa eit ungdomsherberge), og eg har smakt litt japansk mat. Maten er ikkje nokon wow-opplevelse akkurat, men den er heilt ok. Vertsmora mi, Michiko, er ei hyggelig dame som jobbar i "senatet". Ho har tre kattar (ein av dei, Socks, bur paa badet pga ein sjukdom eller ein skade) og to hunder (Run som er ei gammal tispe som bur ute, og Tomu som er ein stor Pommeranian. Tomu bur inne). Huset er lite og koselig, og eg skal sove paa ein Futon (matte) heilt til slutten av Mai ein gong. Daa faar eg mi eiga seng, og eit skap! I dag var eg paa ein Mana festival oppe i fjellet her ved Toyono-town, Osaka. Det gjekk ut paa aa plukke Mana (ei spiselig plante) og ein faar alt ein plukker. Japan ligg foresten 8 timer framfor Norge!
Eg har fått meg ein vertsfamilie :D Eg fekk velje om eg ville bu hos ei eldre dame på 58 år, eller hos ein større familien med "far" og "mor". Eg val dama på 58 ^^. Ho heiter Michiko, og har fleire unger som er vaksne og som har stifta sine eigne familiar i nærheten. Osaka er byen eg skal til :D Og skulen er ingen andre enn Ikeda Senior High. Heime hos Michiko bur det også tre kattar og ein hund :)
Eg fekk beskjed om at blogg var den lettaste og beste metoden å holde kontakten med folk på, når ein er i utlandet. Så eg har no oppretta ein :) Det kjem masse tekst og bilete når eg er ute å reisar, men no er det ganske så tomt :) Mi fyrste reise blir den 23. Mars 2010. Då skal eg studera i Japan i eit år :). I bunn og grunn skal eg kun studere språk og kultur, men me får sjå kva anna turen gir frå seg. Turen går gjennom ein organisasjon kalla AFS. Eg kjem til å bu hos ein japansk familie som eg ikkje kjenner enda, og eg skal gå på ein heilt vanleg japansk skule. Grunnen til at eg legg ut på denne reisa er at eg seinare vil studera CGI (Computer Generated Images) animasjon i Japan for å få eit godt grunnlag innan emnet. <3